Kvit Stilk

Den heilt lyse buketten er ein klassisk variant for bruda som ønskjer noko stilreint og enkelt.
Brosjane er i kvit og kremfarga emalje og det er brukt ein del perler og gull. På denne demobuketten er det brukt nye brosjar som er laga av same produsent, noko som gir ein heilheitleg stil og fargeskala på buketten.
Ein bukett av denne typen brosjar kan ein lage i andre fargar, som lilla, gull, kvit, mint, blå, rosa, etc.
Ein kvit Stilk kan og lagast i same fargeskala men med andre type brosjar, til dømes vintage-brosjar, glitrande brosjar eller meir bruk av perler. Det kan vere ein type brosjar eller ei blanding av ulike typar.