Fargerik Stilk

Den fargerike buketten er den som i størst grad minner om ein bukett laga av blomar. Buketten er i all hovudsak laga av gamle vintage-brosjar i emalje der det er stor variasjon i både storleik og stil.

I ein Stilk med så mykje variasjon er det enkelt å flette inn symbolikk som betyr noko for brudeparet, til dømes eit hjarte, noko som symboliserer din kjære, eit bilete, eit symbol for frieriet, etc.

Ein fargerik Stilk kan lagast i dei fargane du ønskjer, men for at buketten ikkje skal verte rotete er det smart å velje ein fargepalett og ein grunntone som ein jobbar ut frå. Kanskje har de ein palett på resten av bryllaupsdekorasjonane som du ønskjer å halde deg til?