Om Stilk

Skulle du ønskje du kunne bevare brudebuketten din like fin som han var på bryllaupsdagen?

Ville du gjerne hatt ein bukett med ein stil eller eit fargeval som du ikkje får dekkja av vanlege blomar?

Kva med ein Stilk?

Stilk er eit konsept der brosjar vert brukt til å lage brudebukettar.

Ved å velje ein Stilk kan du få din heilt personlege og unike bukett, i dei fargane du likar og med den stilen du ønskjer. Du kan få ein stilrein og moderne Stilk, ein fargerik Stilk, ein vintage Stilk, ein utradisjonell Stilk, ein søt Stilk, etc… Du kan legge inn personlege effektar som betyr mykje for deg, til dømes bestemor si gamle brosje, forbokstavar til din kjære, noko som symboliserer frieriet og ikkje minst noko som kan oppfylle “something old, something new, something borrowed and something blue”. Kva med å bruke ei blå brosje?

Under arkfane “Bukettar” finn du bilete og informasjon om bukettane.

Demobukettane viser ulike val av stil og fargar, men dette tilpasser vi etter din smak og dine ønskjer. Du kan få ein einsfarga bukett med berre vintage-brosjar, ein glitrande bukett i alle moglege fargar, ein svart og raud bukett om du vil vere dramatisk, ein pastellfarga om du vil vere romantisk, emaljebrosjar, glitterbrosjar, etc. Alt er lov!