Bestilling

Dersom du ønskjer å bestille ein Stilk kan du ta kontakt med meg slik at vi kan diskutere kva stil og type bukett du ønskjer.
For å oppnå det du er på jakt etter er det fint å få litt informasjon om fargar og stil som skal brukast i bryllaupet elles. Det viktigaste er kanskje å få informasjon om brudekjolen, hår, sminke, etc, slik at buketten passar inn saman med resten.

Bestillingstida på ein Stilk er veldig avhengig av kor lett det er å finne dei brosjane som skal til. Du bør difor rekne med å bestille minimum 4 månader før bryllaupet for å vere sikker.

Pris på ein Stilk vil vere avhengig av kor dyre brosjane vert. Generelt sett vert det dyrare dess fleire vintage-brosjar ein skal bruke. Kontakt meg for å få meir informasjon om prisar.

Dersom ønskjeleg kan vi og lage brosjebasert hårpynt, pynt til brudgomen sit knapphol eller bukettar til brudepikene.